På tur

På tur
8/7-8/8 2014, 3100km fra Nordkapp til Lindesnes
med telt, kjøkken og eventyrslyst

torsdag 12 juni 2014

To dagers tur


Lørdag ettermiddag sykla vi ut på ein liten test tur. Starta klokka 15.30 frå Nærbø og satte kursen opp mot Giljastølen. Sola skein og blei ei fin ramme for ettermiddagen på sykkelsete. Totalt tok turen opp 4:40 timar og var på 7,7 mil.

På veg opp hadde me fleire små stopp - ett her på toppen av Gloppedalsura

Gloppedalsura
Etter stoppen på Gloppedalsura var det bare ein kort bit igjen før me kom fram til Gilja, her venta oss 4km lang bakke opp til dagens mål. Bakken var tung, lang og blei ikkje så mykje betre for min del som plutseligt koste litt med asfalten. Det gjekk helste godt, bare litt vondt i høgre arm.

Mot toppen av bakken tok vi inn på ein gruss stig og fann oss ein telt plass, var framme ca klokka 20.00

Maria setter opp telt
Det blei brun lapskaus til middag og under Kalle sitt kveldsbad oppdaga eg ein fiskar på andre sida av vatnet. Heldigvis for meg som ikkje hadde badeklær med meg, tok han med seg stangå si og gjekk vidare når han såg Kalle stod på steinen.

Eg har sove så godt i nått, Kalle måtte vekka meg.

Sjusovaren Maria
Frukost utsikten vår


Starta på sykkelsete i dag klokka 10.20 ca. Turen i dag har gått frå Giljastølen - Månafossen - Oltedal - Brekko - Sikvaland - Undheim.

Utsikt ned mot Frafjorden
Jærkysten


Nok ein fin dag på tohjulingen i strålande solskinn. Etter 8,6 mil og 5:25 timar var med tilbake på Nærbø igjen. Fått mange positive svar på turen i forhold til utstyr, pakkeliste og sykkelform. Nå gleder me oss stort, om 4 veker står me på Nordkapp og eventyret Norge på langs er i gang.

Inga kommentarer:

Skicka en kommentar