På tur

På tur
8/7-8/8 2014, 3100km fra Nordkapp til Lindesnes
med telt, kjøkken og eventyrslyst

onsdag 16 juli 2014

Dag 9, onsdag 16/7 Sortland - Sandsletta

I dag våkna me til vått ytter telt, det hadde tydelegvis regna i natt. Så fort sovepose og liggeunderlag var ute av telte var Kalle kjapp me å henge det på tørk i nærmeste tre. Mor sine seks klesklyper kom godt med. Vi åt frukost i det fri og hadde både bord og stoler. I elleve tida rulla vi ut frå camping plassen.
Føttene hadde knapt nok blitt varme før me kom til fyrste bakke, det var litt tungt men me kom oss til topps og der venta ei hærleg nedkjøring.  Dei 85 første kilometerne til ferje leie i Melbu var som ein berg og dalbane opp ein bakke, ned ein bakke og opp igjen.
Etter ca 50 km fekk Kalle litt problem med den eine sykkeltaska si, der det eine feste ikkje fungerte som det skulle. Det blei litt mekking og me tok også lunsj pause, klokka var nå blitt 14.00. Varme pannekaker smaka godt.
Etter lunsj pausen fekk vi nye krefter. Når me pakka ned kjøkken utstyret byra det å regne så regnklär måtte på, fyrste gong hittills. Ikkje spesielt mykje, men våte blei me. Vi var framme ved Melbu kl 18, fekk me tid til å handla litt för ferja gjekk kl 18.30. Ei flott ferje som serverte lunka sveler, frakta oss til Fiskeböl. Turen tok 30min ca.
Me hadde bestemt oss for å overnatte på den närmaste campingen Sandsletta camping. Denne låg 37km frå fergeleie. Ein sykkeltur som ville ta oss litt øver to timer, men endelig fann vi flyten og 1t og 47min seinare var vi framme. Vi leiga oss hytte nr 12 i natt. Kalle diska opp med kylling og ris til middag - härleg. Alle fire (sykklar og oss) har sove godt i natt☺












Inga kommentarer:

Skicka en kommentar